Om
Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg. Den ligg 1100 moh, omlag 700 meter over Ringedalsvatnet. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Turen til Trolltunga startar i Skjeggedal og går i høgfjellet, tar 10-12 timar (totalt 27,5 km t/r) og høgdeforskjellen er ca. 1000 m. DET ER EIN LANG OG KREVJANDE TUR. Det går merka sti frå parkeringsplassen i Skjeggedal til Trolltunga. Undervegs er det skilt som viser distansen du har gått og kor langt det er att. Det er viktig å vurdere om ein er i god nok form og har godt nok utstyr før ein startar turen. Det er delvis mobildekning (Telenor) undervegs. Trolltunga er tilgjengeleg frå omlag midten av juni, avhengig av når snøen smeltar, til midten av september. ÅTVARING – IKKJE GÅ TIL TROLLTUNGA OM VINTEREN. Frå mars kan ein bli med på guida truge- eller skitur med Trolltunga Active.
All naturbasert aktivitet er på eige ansvar. Det er viktig å ha gode fjellsko, ta med ekstra klede, regnklede og vere førebudd på dårleg vêr. Ta med kart og kompass, rikeleg med mat og drikke, lommelykt og enkelt førstehjelpsutstyr. Vêret i høgfjellet kan endre seg raskt, sjekk derfor vêrmeldinga rett før du går til Trolltunga. Gå ikkje til Trolltunga dersom det er sterk vind, mykje nedbør eller tåke. Det er alltid kaldare på fjellet enn nede ved fjorden. Respekter naturen.
Kvart år er det redningsaksjonar etter turgåarar i vanskar. Vis aktsemd og ver godt førebudd for turen. Start tidleg om morgonen. Frå september er perioden med dagslys forholdsvis kort og nettene er ofte kalde, vi anbefaler derfor å starte seinast kl. 8.00 om morgonen.
Dersom ein ynskjer å overnatte undervegs må ein ta med eige telt.
Sesongen for fottur til Trolltunga vil variere frå år til år, på grunn av snø- og verforhold.
- 15.juni-15.september Anbefalt sesong (normalår)
- 16.september- 28. oktober Anbefalt med guide
- 29. oktober- 16. februar IKKJE anbefalt, svært farleg.
- 17. februar -14.juni Anbefalt med guide (truger/ski)
Ta kontakt med Odda turistkontor for meir detaljert informasjon om turen, kart og overnatting turistkontor@odda.kommune.no
GUIDA TURAR TIL TROLLTUNGA
Aktivitetsselskapet Trolltunga Active www.trolltunga-active.com og Trolltunga Adventures www.trolltungaadventures.com tilbyr guida turar.
TRANSPORT OG PARKERING
MED EIGEN BIL:
Køyr Rv 13 til Tyssedal (6 km frå Odda). Frå Tyssedal føl du skilta Skjeggedal og Trolltunga. Etter om lag 7 km er du på parkeringsplassen i Skjeggedal. Parkering i Skjeggedal (500 kr/dag, 250plassar). Parkeringsavgifta vert nytta til fellesgode i området.
Alternativ parkering for inntil 30 bilar på Topp, 4 km frå Skjeggedal inn mot Trolltunga. Bratt og smal (privat) veg med skarpe svingar, 400 høgdemeter stigning og 17% stigning på det brattaste. For erfarne sjåførar. Firehjulstrekk er anbefalt. Vegen opnar kl. 07:00, og er tilgjengeleg for dei som kjem først. Betaling ved starten av vegen. Maksimal bilhøgde er 2 meter. Forbode for bubilar og motorsyklar. www.trolltunga-road.com
MED OFFENTLEG TRANSPORT:
MELLOM ODDA OG SKJEGGEDAL (startpunkt for turen til Trolltunga):
Trolltunga Shuttle: (15. juni – 15. sept.) Henting på sentrale overnattingsstader i Odda. www.oddataxi.no
Pris t/r Odda- Skjeggedal kr. 250.
Frå Odda
- Odda Camping: 06:10, 07:35
- Trolltunga Hotel: 06:15, 07:40
- Odda Taxi stand: 06:30, 07:50
- Trolltunga Studios (aldeplass Freim): 06:31, 07:51
- Tyssedal Hotel (bussterminal): 06:35, 07:55
- Trolltunga Guesthouse (ved brua): 06:37, 07:57
- Tyssohallen parkeringsplass: 06:40, 08:00
- Skjeggedal (startpunkt Trolltungatur): 06:55, 08:20
Frå Skjeggedal
- Skjeggedal: 17:00, 18:30, 20:00
- Offentleg buss: Rute 995, www.skyss.no.
REISE FRÅ BERGEN
Bussrute 930 Bergen-Odda www.skyss.no. (Ikkje førehandstinging, kontant betaling).
REISE FRÅ OSLO
- Alternativ 1: Tog Oslo-Voss www.nsb.no
- Bussrute 990 Voss-Odda www.skyss.no (Ikkje førehandstinging, kontant betaling).
- Alternativ 2: Haukeliekspressen (buss) Oslo-Odda www.nor-way.no (kjøp billett på nett).
REISE FRÅ STAVANGER OG PREIKESTOLEN
I sommarsesongen går Trolltunga-Preikestolen ekspressen mellom Preikestolen-Røldal-Odda-Tyssedal. www.tide.no (kjøp billett på nett).
Følg oss...
Facebook
Youtube
Instagram