Åkrafjorden … Langfoss – ein av verdas ti vakraste fossar – brusar ned fjellsida og Folgefonna Nasjonalpark strekkjer seg heilt ned til sjøkanten. Sentral; – med E-134 langs eine sida av Fjorden - og avsides; - med veglause gardar på andre sida. Langs 25 vakre kilometer finn du eit imponerande mangfald av opplevingsturar og aktivitetar, lokalmat og handel, turstiar og klatrevegger, geiteflokkar og fiskeplassar, historier og overnattingstilbod. Lokalkjende guidar og hjarteleg vertskap ventar berre på deg.
Velkommen til Åkrafjorden Landskapspark og makelause opplevingar!