Trolljuv Adrenalinpark tilbyr andrenalin-kick frå anlegget på Trolljuv bru; 115 meter over Åkrafjorden. Her finn du Europas villaste Strikkhopp og Europas høgaste Zip-line! På sikt vil Parken tilby dei råaste adrenalin-aktivitetane som finst.
Besøk Trolljuv Adrenalinpark si heimeside her
I Trolljuv Adrenalinpark lever vi etter slagordet “Negotiate With Gravity”. Med snart 20 års erfaring tilbyr vi nå ulike adrenalinaktivitetar frå anlegget vårt i Åkrafjorden. Me er den einaste aktøren i Noreg som har fått løyve frå Statens vegvesen til hopparrangement frå bruer langs riks- og fylkesvegnettet, og sidan 2009 har me tilbydt Strikkhopp frå Trolljuv bru. Brua heng mellom to tunellar 115 meter over Åkrafjorden, i eit juv så dramatisk at du skulle tru det er Trollfar sjølv som har hogge med øks i fjellet. Sommaren 2011 opnar Europas høgaste Zip-line over juvet. Terrenget omkring Trolljuv er som skapt for luftige opplevingar, og i åra som kjem vil me gradvis byggja ut anlegget med dei villaste aktivitetane som finst tilgjengeleg.