Annonser
Åkrafjorden Oppleving - opplevingsselskapet i Landskapsparken - tilbyr fast turprogram for individuelle frå mai til september, og skreddarsyr opplevingar for grupper heile året. Hovudturane er FjordCruise Langfoss og Traktorsafari til Eikemostølen.
Trolljuv Adrenalinpark tilbyr andrenalin-kick frå anlegget på Trolljuv bru; 115 meter over Åkrafjorden. Her finn du Europas villaste Strikkhopp og Europas høgaste Zip-line! På sikt vil Parken tilby dei råaste adrenalin-aktivitetane som finst.
Smiedal Gardsferie tilbyr friluftsaktivitetar "til lands og til vanns" for individuelle og mindre grupper. Ride- eller fotturar med kløvhest i fjellet og padleturar med kajakk på Fjorden, gjerne inkludert "eksotisk" overnatting i Gamlasåvo, stølshuset eller lavvoen.
Rullestad Aktiv Fritid ligg i dramatisk natur ved Rullestadvatnet. Camping med hytter og oppstillingsplass. Særprega servicebygg med kafé, heimebakeri og butikk. Godt tilrettelagt for aktivitetar i friluft, - med eller utan guide/instruktør.
Åkrafjordtunet fjordkultursenter. Stor kafé og butikk med lokalmatavdeling - ope alle dagar. Utstilling om Folgefonna Nasjonalpark og turistinformasjon, tilbyr også overnatting. Ein ypperleg stoppestad for alle som ferdast langs veien.
Kyrping Camping ligg lunt og idyllisk til heilt nede ved sjøen. Stor og veletablert camping med feriehus/-hytter, oppstillingsplass med sanitæranlegg. Utleige av båtar og godt tilrettelagt for fiskeinteresserte. Daglegvarer, kafé, badestrand og leikeplass.
Fjæra kunst- og handverk ligg i Fjæra inst i Åkrafjorden. Butikken har eit variert utval brukskunst laga av flittige lokale nevar som stearinlys, keramikk, maleri og strikkevarer. Smakfull heimebakst for sal og enkel servering i “kaffikroken”. Utleige av kajakkar.